Foto: Benedikte Skarvik
Foto: Benedikte Skarvik

Av Tora Seljebø

 

om vatnet var vatnets redsle

og ikkje kunne drikkast

om vatnet rann frå bergehammaren

siltest gjennom grønmosen

om vatnet var vatnets rørsle

som skalv i oss

skalv vi da

i ringar på vatnet

 

om vatnet var redsle

og vi drakk

om vi var foreldrelause

forgifta

og budde på jorda

heilt aleine

 

var vi forlatne her

heilt aleine

og vatna fraus til

svanene fraus fast

og fiskane

sandalane våre, stoffet i kortbuksene

 

om vatnet bar vår redsle

og vi drakk av det

om vi drakk vårt eige

ville vi gråte, ville vi

om vi var born

og gjekk vill i skogen

kom vi bort frå vatna

og vatna vart borte i oss

skulle vi sleppt opp vatna

bresta demningane

 

om vi gjorde vald mot vatnet

og vatnet gjorde vald mot oss

om vi hadde

våpen i hendene

og kveste kjøtet

om vi hadde knivar i lommene

og lommene rakna

om alle kunne vitne ville vi gå fri

om harane og hestane vitna vårt

 

om vi var redde og drakk av vatnet

vi vaska oss i

om vi vaska av oss det redde om kvelden

og drakk det om morgonen

om vi drakk av redsla og vakna redde

om vi gret under dyna, sa vi til kvarandre

eg er redd, om vi sa

vi er redde, kven skulle trøyste da

om vi låg tett til kvarandre og gret

i søvne, vakna vi

var vi annleis når vi vakna om vi gret

 

om vi var redde og stakk augo

om vi var blinde for å sjå

tynne og trygla om mat

utan kropp og bad om klede, om vi var

kropp og det nakne usynleg

om vi var nakne og ikkje hadde vatn å døype oss i

om vi var vatn og vatnet var fylt med redsle

om redsla rann frå bergehammaren

rann og ingen høyrde lyden frå grønmosen

om lyden var lyd

og ingen høyrde

var vi einsamme da?

 

//

Vi takkar Tora Seljebø for diktet! Her er hennes forfatterside hos SAMLAGET.