• Økopoesi, menneske og natur.

Av førsteamanuensis Trond Arnesen, Høgskulen i Sør-Trøndelag, avd. for lærar- og tolkeutdaning (HiST-ALT).

 

Basert på ei økopoetisk botanisk vandring mellom Stalheim Hotell og Sivle i Voss under Skjervheimseminaret 2014, og på essayet Kjensla for lauvet og lyden av vind (Arnesen 2014). Ei slik vandring er sjølvsagt ei hending og vanskeleg å yte full rettferd skriftleg, men eg har forsøkt å gi att det viktigaste av saksinnhaldet og dikta. Nokre få stader har eg fylt på litt, t.d. med dikt som eg ikkje rakk lese, og nokre få stader har eg utelatt omtale av artar vi stoppa for å sjå på.

regnboge

Regnboge over Sivle og Nærøydalen. Frå hotellet. Foto: TA

 

I Ved Stalheim Hotell

 

Bøn

Prayer av Joseph Bruchac

(Til norsk ved Trond Arnesen, 2014)

 

La orda mine

vere opplyst av dyr,

glimtet av ein måkevenge.

Om vi trur

oss sjølv i sentrum,

at moldvarp og isfugl,

ål og ulv

er i utkanten av nåden,

då sirklar vi, daude månar

om ei kald sol.

Denne morgonen ber eg berre

om krepsen si velsigning,

om fuglane si lovprising;

å kle meg i eit bjørneskinn

i mine songar;

å virke som ein mann med mine hender.

 

vinge

Foto: Jiyang Chen, Wikimedia Commons

Slik uttrykker poeten Joseph Bruchac si oppfatning av forholdet mellom menneske og natur i dette diktet frå samlinga Near the Mountains (1987). Om vi føresteller oss at vi er i sentrum for livet og dyra i utkanten, er vi «…daude månar / om ei kald sol.» Varmen frå eksistensen når oss ikkje. Vi er dyr og natur og må vise det i songane, og vi er menneske og må handle med den klokskapen og forståinga for naturen som kan komme frå tenkinga vår. Bruchac seier om dette diktet: «It’s a result of feeling, at a moment of waking, that we are related to everything, that we are not separate from the rest of life or above it all in dominion, that we are a humble part of it all and need to try to do our best, to work with our hands and with our hearts in a good way». (Brady 2010). Han kallar altså på audmjukskap, slik også Percy Bysshe Shelley gjer i diktet Ozymandias:

 

Ozymandias

Percy Bysshe Shelley 1817

(Gjendikta av Trond Arnesen 2005)

 

Eg møtte ein vandrar frå eit gamalt land.

Han sa: To digre bein av stein og utan kropp

står i ørkenen… nær dei, søkkt i sand,

halvt dekt, eit smadra andlet stirer opp.

Den vreide munn, eit snerr av kulde. Han

som hogg har tolka desse kjensler vel,

som enno finst der rita inn i livlaus ting,

av hand som håna og var fødd av sjel.

Og desse ord stig fram langs steinprofil:

”Mitt namn er Ozymandias, sjå deg kring:

Sjå Kongens verk, de Herrar, og fortvil!”

Elles finst der inkje. Herifrå og ut

frå denne daude rest, breier seg steril

den aude, slette sanda utan slut.

 

Shelley skreiv antakeleg diktet inspirert av funnet av statuen av Ramses II (gr. Ozymandias) i Egypt. Hovmod står for fall, seier diktet. Sjølv dei største sivilisasjonar og dei mest vedunderlege verk kan bli til sand og støv.

 

Ei økopoetisk vandring gjennom Stalheimsgrenda, forbi Brekke og fram til Sivle, i eit av dei vakraste landskapa i Noreg, bør starte her; med blikket på den audmjuke kjensla av å høyre til naturen. Og kva er så økopoesi? Kate Dunning (2013) skriv i ein artikkel om den amerikanske poeten W. S. Merwin si utvikling frå naturpoesi til økopoesi (mi omsetjing):

 

– ei utvikling frå å framstille menneske og natur som separate karakterar – til å smelte menneske og natur saman til eit bilde som viser deira sanne fellesskap i opphav, eksistens og slut.

 

Lyrikaren Freddy Fjellheim er inne på noko liknande i sitt essay Til unge folk (Fjellheim 2014a). Han seier at vi må tenkje dristige tankar og bringe varme inn i språket, byggje bru mellom menneske og natur og innsjå kor avhengige vi alle er av kvarandre.

 

På sett og vis er denne endringa hos Merwin og det Fjellheim ønskjer, ei utvikling «frå tilskodar til deltakar», slik det høver seg på Skjervheimseminaret. Definisjonane på omgrepet økopoesi er mange, men denne fellesskapskjensla med naturen, nær Arne Næss sin djupøkologi, går att. Jonathan Skinner skriv på nettstaden eco-poetry.org slik om kva som kan særprege økopoesi:

  1. Pastoral poesi, villmark og djupøkologi
  2. Konfrontere katastrofane og urettvisa mot livsmiljøet
  3. Poetiske metodar som modellerer økologiske prosessar, komplekse, ikkje-lineære prosessar og feedbacksløyfer og syklusar

 

Katastrofane og urettvisa Skinner talar om, kjem vi ikkje unna om vi er i stand til å ha medkjensle med det levande: tap av biodiversitet, kanskje på omfang med dei store katastrofane langt attende, som då dinosaurane og mange med dei forsvann etter eit meteorittnedslag i Mexicogolfen for 65 mill. år sidan, klimaendringar, miljøgifter, nedbygging av livsmiljø… Det er mykje å bekymre seg for og som økopoesien kan ta fatt i.

 

Helen Moore (2012) seier at økopoesien dreier seg om å (gjen-)opprette banda til naturen, vere vitne, yte motstand og syne visjonane. Mange som skriv om økopoesi talar også om «naming»; om kor viktig det er å setje namn på det levande, på dyr og plantar, fenomen, stader og landskap og å nærme seg oikos, planeten jorda som den einaste heimen for arten vår.

 

Sola går

Sun moves av Joseph Buchac

(Til norsk ved Trond Arnesen 2014)

 

over meg

og eg måler dagen

med breidda av handa mi

 

Eg forstår ikkje

minutt, timar eller tid

utan i rørsler av lys

 

Sola gir varmen sin

men eg kan ikkje halde han,

kan ikkje eige noko

utanfor min eigen hud

 

Eg forstår ikkje

budsjett, konkurs,

kroner, armear, avskrekking

 

Sola går ned bak åsen

og natta minner meg på

at mørke bringar eventyr

at kvile er rett

 

Eg forstår ikkje

den endelause, ville dansen

av lysande skjermar

 

Eg forstår søvn

Eg forstår draumar

sola stryk

Sola synk over Fosen. Foto: TA

Diktet finst på nettsida eco-poetry.org. På denne vesle vandringa skal vi gjere som abenaki-indianaren Joseph Bruchac og følgje sola og rørslene av lys, gløyme dei lysande skjermane og tida og budsjetta. Vi skal gjere eit forsøk på å møte det levande og sette namn på nokre av plantane vi møter og på tilhøvet mellom menneske og plante. Og vi skal også nærme oss den fortvilinga og det sinnet som mange av oss kjenner andsynes trugsmåla mot det levande.

 

Sølvbunke Deschampsia cespitosa og gulaks Anthoxanthum odoratum.

Langs vegen ved Stalheim hotell, som langs så mange vegar og i enger rundt i landet, veks det store graset sølvbunke og det mindre gulaks. Olav H. Hauge skriv i diktet Eg drøymer meg burt frå samlinga Spør vinden (1971) om korleis han ligg på rygg og drøymer seg bort i ei høgvaksen slåtteeng: «Kring sylvbunke-duskane/ sviv fivreld/ vakrare enn/ paradisfuglar,/ eg er barn att/ og burte og/ eitt/ med angande gras/ og siglande/ skyer -/…» Men så bles det opp og maur kryp under kleda og han blir rykka ut av einskapskjensla og kanskje attende til slåttearbeidet? Paradisfuglane han nemner er interessante i denne samanhengen. Biologen E. O. Wilson skreiv i 1984 boka Biophilia, om korleis vi gjennom evolusjonen sannsynlegvis har utvikla ein medfødd kjærleik til naturen, ei samkjensle. Og det var mellom anna opplevingar med paradisfuglar i dei tropiske skogane som sette han på sporet av denne tilknytinga. Hauge sin fivreld er vakrare enn fuglane der dei sviv rundt dei sølvskimrande aksa. Sølvbunke er elles ikkje mykje omtykt. Blada er fulle av kisel (silisium) og slit tennene til beitedyra om dei prøver seg. Det gjer dei helst ikkje om dei ikkje må, i alle fall ikkje om det er gamle plantar. Dei står gjerne att i beitemarka som høge tuver (cespitosus) etter nokre år. Skjærgras og skjærtuve er vanlege namn på arten i Trøndelag. I tida fram til siste krig då beite og vinterfôr i utmarka var sjølve livberginga dei fleste stader i landet, kjente dei slike artar godt. Kiselen gjer blada skarpe som knivar om ein stryk dei mothårs. Og sjølvsagt er dette ein antibeite-strategi hos arten.

 

August Strindberg (1916) skriv ein stad om slåtteløa, der utmarkshøyet vart lagra, som eit duftande kjærleikstempel med ei lind som tårn:

 

Ängsladan är det, ja blommornas hus, det torkade höets;

och till ett sällskap hon fått den resliga mosslupna linden,

linden, det trolska träd, som fri ej trives i sällskap;

endast i parkens allé hon tvingas stå klippter och uppställd;

hög som en kyrkas kupol hon bildar tornet åt templet,

och ibland träden hon bär de skönaste löv likt små hjärtan,

hjärtan som klinga för vind’; och blomman ett strålkransat huvud

buret av vingarna två, när frukten skall falla till jorden.

Ängsladan, blommornas hus, som doftar av vårbrodd och klöver,

under sin gavel likväl hon unnat ett tak åt ett svalbo.

Ett blott, ett ensamt par, här dragit sig undan från vimlet,

älska och fostra de små, bekymra sig icke om världen.

Ängsladans gäster det är, de enda hon tål under taket.

gulaks

Gulaks. Wikimedia commons.

 

Den duftande grasarten vårbrodd heiter gulaks på norsk og veks gjerne der enga er litt meir lågvaksen. Graset blømer tidleg på våren og gulnar tidleg på sommaren. Det forklarer både det svenske og norske namnet. På latin heiter arten Anthoxanthum odoratum som direkte omsett tyder: blome (gr. anthos), gul (xanthos) med duft. Gulaks er eit godt beitegras og dufta kjem frå det aromatiske stoffet kumarin som vi finn i mange gras og urter og f.eks. i kanel. Dufta av nyslått eng, er mykje godt dufta av kumarin. Kumarinrikt marigras, som gjerne beites av europeisk bison i Polen, blir og brukt til å krydre bison-vodkaen Żubrówka (żubr=bison). Store inntak av kumarin kan (som spriten..) gi kreft.

 

Gran Picea abies

Like opp for vegskiljet mot Stalheimskleiva er det planta eit felt med gran. Dei trivst godt, ser det ut til. Grana er eit viktig tre i norsk landbruk, som virkestre og som papirmasse. Som viktig skogdannande tre er det er truleg temmeleg nytt i landet… eller reetablert. Den vanlege teorien har vore at grana kom austfrå for 1500-3000 år sidan, men ny forsking viser førekomst av granpollen i Trøndelag for meir enn 10 000 år sidan og på Andøya meir enn 20 000 år tilbake. Det kan tyde på at grana overlevde siste istida nokre stader i Skandinavia. I alle høve er dette treet sjeldan på Vestlandet, bortsett frå i plantingar, men det skal finnast naturleg spreidd gran i Voss. Truleg er det ei spreiingshistorisk forklaring på at det er lite gran i vest.

 

Tor Jonsson (1970) kjente grana: «Eg er grana, mørk og stur./ Du er bjørka. Du er brur/ under fager himmel./ Båe er vi norsk natur» (Norsk kjærleikssong). Dette bildet av grana (mannen) som alvoret, det mørke og bjørka (kvinna) som det lyse, lette går att hos mange lyrikarar. Den unge poeten Ellen Grimsmo Foros frå Trondheim har eit dikt der barskogen er sentral (Foros, 2008) og der ho nok er nærare «grana» enn «bjørka» i sinn:

 

Var jeg elg i en barskog som brer seg var du rein på ei vidde som skrumper

spiste jeg friske skudd mens du leita etter lav så jeg pelsen din løse seg opp mot

den blakke lyngen geviret fortape seg i det lette skydekket var jeg ei utslynga

stjerne så jeg den blågrønne kula uregelmessighetene og underverkene fra en

avstand som smerter ved ikke å smerte var jeg øm så jeg deg sove

med hårstrå mørkt klistret til lys og bankende tinning

grana

Trøndersk gran- og blandingsskog. Fordalen. Foto: TA

 

Her er barskogen, og for ei kvinne frå Trøndelag: helst granskogen, satt inn i klimaproblematikken. Temperaturauke vil gjere at grana ekspanderer opp i høgdene medan fjellviddene skrumpar inn etter som skogen spreier seg. Det er ei sterk kjensle av nærleik her; ho er elgen i skogen. Men samstundes er det avstand og tap. «Du» her er nok kjærasten, ein rein på ei vidde som forsvinn. Pelsen fell av. Er reinen/kjærleiken daud og i oppløysing? Ho er ei «utslynga stjerne» og ser attende på jorda, «den blågrønne kula». Både ho og kloden er einsam og sårbar slik romfararane kunne oppleve jorda frå rommet. Slik vev ho saman kjensla av avstand og tap både i forhold til økologien og kjærasten, som ein avstand ho knapt tør erkjenne? Som ein avstand som er vond fordi han gjer henne fjern slik at ho ikkje heilt greier ta han inn over seg, sjølv om ho vil? Og likevel: nærleiken i kjærasten sin søvn, det fuktige håret, det bankande blodet. Livet.

 

II Stalheimsgrenda

I engene omkring Stalheimsgardane finn vi mellom anna perikum og ryllik. Harald Sverdrup (2000) oppmodar oss til å binde kransar, til å nærme oss barn, blomar og fugl:

 

Tør vi

 

I barn og blomster, åndssvake og svaler

fins en forsvarsløshet bare en og annen

kvinne synes å forstå. Tør vi

gå med blomsterkrans rundt hodet,

ære barn og fuglers folkeslag

med vennlig taushet, snille ord?

ære barn

Foto: Bengt Nyman. Wiki.

 

I kransane kan vi gjerne bruke perikum og ryllik. Begge er blomar folk har hatt glede og nytte av langt attende i historia.

 

Firkantperikum Hypericum maculatum og vanleg ryllik Achillea millefolium

Den vakre, gule perikum har raud plantesaft (- klem på blomsterknoppane!) og gamle legender vil ha det til at planten vaks opp frå blodet til Odin etter at han vart skada av eit villsvin medan han kvilte i ei hole. Etter at kristendommen tok over, heitte det at blomen vaks opp av blodet som draup frå døyparen Johannes sitt avhogne hovud. Det er ikkje rart at Linné meinte han kunne jage djevelen på flukt. Ulf Lundell syng om «öppna landskap» og om å krydre sitt brennevin med «johannesört». Det er perikum, som på svensk har fått namnet etter Johannes-legenda. Bitterdrammen ein får på slikt vis, blir raud. «Johannesblut» kallast planten i Tyskland. Han inneheld svakt antiseptiske stoff og vart brukt til sårbehandling. Han har også ein mild antidepressiv og søvnfremmande verknad og er brukt i naturmedisin. No er det også slik at planten inneheld stoff som gjer huda ømfintleg for sollys og som kan gi interaksjonar med andre medisinar. Så ta ikkje dram med på stranda, og kontakt lege før du tar perikum.

 

Korgplanten vanleg ryllik er ein av plantane som har fått sitt latinske namn etter den greske mytologien. Slektsnamnet Achillea viser til den usårlege, greske helten Akilles. Artsepitetet millefolium tyder tusenblad, og kjem frå dei fint oppdelte bladflikane. Akilles kjempa for grekarane ved Troja etter at prins Paris av Troja hadde dratt av garde med den skjønne Helena, kona til kong Menelaos i Sparta. Akilles var usårleg fordi mora, sjønymfa Thetis, hadde dyppa han i Styx, grense-elva mot Hades, dødsriket. Mora heldt han i hælen, og slik vart hælen verande sårbar, ein akilleshæl. Prins Paris skaut ein forgifta pil i hælen, og Akilles døydde der ved Troja. Ryllik har ei historie som legeplante langt attende, og var ein del av standardutrustinga til soldatar både i antikkens Hellas og i Romarriket. Han skulle verke sårhelande og stanse bløding. Slik vart planten forbunde med Akilles. Diktaren Per Sivle, ein kar som vaks opp på Brekke litt opp for Stalheim, skriv i diktet Til Telemork (Sivle, 1943): «Å, kunde eg fara til Telemork/ og liva ei Sumarstund!/ Der gror det Ryllik på Stove-Tak/ og Songar på Folkemunn.» Han hadde ikkje berre eit enkelt liv, og lengten til Telemark er vel ein lengt etter betre dagar og sårheling? Og ryllik tåler tørr mark, så på stovetak kan han vekse.

 

Ask Fraxinus excelsior

I Stalheimsgrenda veks det ask. Artsepitetet excelsior tyder høgare, den høge/opphøgde. Kva er det med tre? Dei står der, nokre av dei ser knapt ut til å endre seg gjennom heile livet vårt. Slik blir dei ankerfeste, sjølv for dynamiske, rastlause, moderne menneske. Dei fleste av oss har nokre tre vi kjenner. Eg har sjølv samtalar med ei gran kvar morgon på veg til jobb. Og ho svarar. Ja, eg er ikkje gal, svaret kjem frå mitt eige indre så klårt. Men eg veit ikkje om det kom utan nærleik til grana. Ask er verdstreet i norrøn mytologi. Yggdrasil, med greiner som fyller verda og himmelen, med røtene hos æsene og rimtussane og i Nivlheim, kor den avskyelege ormen Nidhogg ligg og gneg på rota og trugar treet. I toppen sit ørna Vidofnir og mellom ormen og ørna spring ekornet Ratatosk med sladder og vondord. Det er litt av eit liv i dette treet… Den norrøne Adam vart laga av ei askegrein, Eva av ei almegrein. Det er Ask og Embla. Det er vel ikkje rart at folk har trudd at ask har magiske evner. Askeski skulle vere så glatte som var dei fortrolla. Så seint som på 90-talet gjekk det ein farsott av askemagi over landet og tre vart hogd for endes som kreftmedisin, potensmiddel og kva veit eg. Asken på Stalheim står og er enno ung og kan vekse vidare som livssymbol inn i livet til mange etterkomarar på garden.

Den kanadiske forfattaren Don McKay (1987) har skrive eit dikt som bind saman vitskapen om fotosyntesen med poesien i eit blad og eit tre:

 

Nokre av funksjonane til eit blad.

Some functions of a leaf av Don McKay 1987

(Til norsk ved Trond Arnesen 2010)

 

Å kviskre. Å applaudere vinden

og skjule eremittskogtrasten.

Å fange lyset

og utføre den audmjuke fortryllinga til fotosyntesen

(unnskyld at eg legg inn eit ord her, min herre)

kor det blir forvandla til ved.

Å vente

villig til å mate

            og til å bli mat.

 

Å døy med stil:

når treet trekker seg tilbake i seg sjølv,

og stenger ventilane ved

ekstremitetane

            å svelte i Technicolor, for så

etter å ha tenestegjort i to timar i løvdungen til eit barn, sakte

røre vitamina sine ned i jorda.

 

Å vere dødskunstnar.

famartin

Ask. Foto: Famartin. Wikimedia Commons

 

Dette må vere den typen økopoesi som den norske forfattaren Freddy Fjellheim kallar sakpoesi. Fotosyntesen i plantar, algar og blågrønbakteriar er den viktigaste kjemiske prosessen på jorda. Nesten alle næringskjeder på landjorda startar med slike organismar som forandrar CO2, vatn og lys til sukker. Kvar haust (mens trea svelt i Technicolor) fortel eg studentane mine at sidan eg er botanikar, et eg ikkje plantar. Eg er for glad i dei. Dei fleste har noko biologi frå vidaregåande og gudskjelov, det tek ikkje lang tid før ei hand er oppe: «Men… kan det stemme? Viss du berre et kjøtt, så et jo sauen, kua, elgen… whatever… plantar? Og treng mykje plantar!?» Studentane mine kjem frå biologilærerane sine på vidaregåande og skal bli lærerar sjølv. Eg ville vore djupt bekymra om ingen av dei visste at eit kilo kjøtt kostar om lag 10 kilo plantar.

 

III Brekke

På den vesle bergrabben over vegen for Brekke, garden der Sivle vaks opp, er berget stort sett dekt med mose. Vi har meir enn 1100 artar av mose i Noreg, men her på berget er det gråmosen som dominerer.

 

Kjartan Hatløy har eit dikt i den siste diktsamlinga si Mi meinings hus (Hatløy, 2014):

 

Ja kom du land ved vegen

fram du mose, grøne pute på denne rabben her

kald dogg

pryd på deg den er

 

midt i eine dropen

drog ein hegre stilt forbi

 

Diktsamlinga er full av slike dikt om jordsmonn, elva, bekken, om vinden, einer, bjørk og osp, sol, snø, om myr og maur. Og mose. Diktaren skriv fram nærleiken til naturen i heimbygda Åfjorden i Sogn. Men også når ein står på rabben ved vegen ved Brekke og les dette diktet, ser ein etter dogget i mosen. Og etter det omvendte bildet av ei hegre, eller kanskje ein ramn, i doggdropen.

 

Heigråmose Racomitrium lanuginosum

Denne mosen er ein av dei vanlegaste artane i Noreg, han veks ofte tørt og fattig, gjerne rett på berg, på steinblokker og stabil grus og høyrer antakeleg blant dei mosane som inntok landet etter istida og slik var med å danne det første jordsmonnet. I dei hårtynne (lanuginosum=dunete) bladspissane er det luftfylte celler som gjer mosen rufsete; kvitgrå når det er tørt og grågrøn når det er fuktig og cellene sug vatn. Det er godt å kvile på ein slik moserabb, med vidt utsyn over dalen. Diktet til Hatløy og kvila ved gråmoseberget gjer ein venleg stemt og det er ikkje vanskeleg å hente fram kjærleiken til det levande.

 

Heigråmose har forresten vore brukt som bioindikator (Fremstad & Eilertsen, 1994). For graden av nitrogenureining. Både veksemåten og innhaldet av nitrogen i vevet speglar kor mykje nitrogen som når miljøet frå jordbruket og frå anna menneskeleg verksemd omkring. Slik vev mosen seg inn i miljøproblema, og er ikkje lenger berre ein mjuk kvileplass. Då nærmar vi oss sinnet som også er eit tema her. Sinnet over mishandlinga av jorda, livet, dyr og plantar og alt vi er avhengige av og bundne til og glade i.

 

Freddy Fjellheim tar fatt i dette sinnet i eit dikt i den siste samlinga Vergeløs. Små bønner og trialoger (Fjellheim, 2014b):

 

Vi er naturens iltre vitner

Se, en nyfødt skjære i begynnelsen av februar!

Svart snø

 

Hjertegatene flammer opp i øynene*

Hvert ord tegner en isrose

Himmelen senker seg i kretsløpene

 

Hjertet ser deg

Øyenslag

Du og jeg pulserer

 

I naturens blikk

Fugler og blomster blunker

Skotter usett

 

* Den oftalmiske arterien

 jackman

Edwin Russel Jackman Collection. Wikimedia Commons

Ja, Fjellheim skriv sakpoesi, med noteapparat. Opprørt ser vi naturen gå av skaftet, fugleungar i februar! Snø dekt av svart karbon, sot frå forbrenning, slik at den smeltar fortare. Sinnet får blodet til å pumpe sterkare i auga (arteria i auga). Og naturen ser på oss, usett.

 

Robert Bly spør i diktet Rop og svar (Call and Answer) frå samlinga My Sentence was a Thousand Years of Joy (2006): «Sei meg kvifor vi ikkje hevar stemmen i desse tider/ og ropar ut det som hender. Har du fått med deg/ at dei legg planar for Irak og at pol-isen smeltar?// … Nokre vismenn seier at livet varar berre sju dagar./ Kor er vi i veka no? Er det torsdag alt?/ Skund deg, rop no! Snart er det søndagskvelden her.» (mi omsetjing).

Mens Fjellheim og Bly snakkar om og kallar på vårt nødvendige sinne, skriv Nancy Mercado om jorda, verda sitt sinne:

 

            Verda er sint

The World is Angry (utdrag) av Nancy Mercado 2012

(Til norsk ved TA 2014)

 

Verda er sint

Verda er svært svært sint

Ho har fått nok av manneætta si ignorante tukling

Dei vendte elvane kallar til krig

Skogslaktinga legg til rette for sletter av gjørmedaude

Dammane er kyrkjegardar

svelgjer

tusenar av fabrikkar

svelgjer millionar av bilar

 

Diktet finst på nettstaden eco-poetry.org. Er det dette sinnet vi anar frå naturen når flom, ekstremver og ras rammar oss fordi klimaet er i endring? Naturen svarar, på alt vi gjer, slik han svarar på alt liv. Det trengst inga åndeleg kraft bak dette, det rekk med naturen, med fysikkens lover, med livets lover.

 

Stornesle Urtica dioica og engsoleie Ranunculus acris

Ugras finst ikkje. Sett frå vår ståstad kan riktig nok nokre plantar dukke opp på uønskte stader, og vi kallar dei ugras. Det kan vere vakre blomar på feil stad, men ikkje alle blir oppfatta som vene. Brennesle trivst godt der folk held til, gjerne nitrogenrikt som bak utedo og ved gjødseldynger, eller i vegkanten slik som langs vegen mot Brekke. For mange av oss kan kanskje neslene nettopp vere som eit uttrykk for naturen sitt sinne. Dei tynne glashåra brekk ved berøring og dei kanyle-like spissane trenger inn i huda og sprøytar ut ei proteinrik væske som irriterer kraftig (Urtica kjem frå lat. urere, brenne). Giftstoffa er nok eit forsvar mot beite. I tidlegare tider var det ikkje uvanleg å rulle seg i brennesla eller piske seg med bukettar for å bli kvitt gikt. Det er eit sterkt element av vikarierande smerte i dette, men varmekjensla i huda etter eksponering, er også lindrande. Planten er rik på vitamin og mineral og unge blad kan ein forvelle, og gir ei god vårsuppe, kanskje i lag med eit anna notorisk «ugras»; skvallerkål Aegopodium podagraria, også brukt mot gikt (podagra). Stornesle er altså ikkje først og fremst eit plagsamt uttrykk for naturen sitt sinne, dei seige fibrane i stengelen kunne man til og med lage trådar av, på liknande vis som lin. Det gav eit grovare klede enn lin; nettelduk. Den svenske kunstnaren Christine Ödlund har som prosjekt å nærme seg plantane, kommunisere med dei, mellom anna med musikk. Musikk for eukaryoter (eukaryotar er organismar med arvestoffet i ein avgrensa cellekjerne; algar, plantar, sopp, dyr) kallar ho ei utstilling i Trondheim denne vinteren, og der finn ein spirande nesler og videokunst med nesler. Kunstnaren har laga vakre krysningar mellom teikning, vitskapeleg figur og partitur som syner dei biokjemiske reaksjonane til nesler når dei blir angripne av fivreldlarvar, og ho har spelt inn si tolking av dette som musikk (Stress Call of The Stinging Nettle, Ödlund, 2014). Ho har ved eit høve fylt heile rom med nesler. Engsoleia inneheld også gift; det gjer dei fleste plantane i soleiefamilien. Derfor blir dei ståande att når dyr beiter. Slektsnamnet Ranunculus tyder «liten frosk», og mange artar trivst godt i fuktige enger, i lag med frosk. Acris = bitter, beisk. Når slåttegraset tørkar, blir gifta brote ned. Arten tiggarsoleie inneheld mykje gift og vart brukt av tiggarar. Dei gnei huda og fekk fæle utslett som kunne mobilisere medkjensle. I verste fall kunne dei døy, og ein soleieart frå Sardinia gav gjerne muskelkrampar i andletet av den typen som har gitt namnet til det hånlege, skeive «sardoniske smil». Dei gule, lysande blomane forklarer soleienamnet, men dei kallast ofte også for smørblom. «Liker du smør?», spurde vi som barn og heldt blomen under haka til venene. Alle likte smør! Det gule lyset kjem av at dei yttarste cellene inneheld ein gulfarga olje og under finst eit kvitt, stivelserikt lag celler som reflekterer lyset. Ja, ugras finst ikkje, men engsoleie finst. Det skriv Agnar Lirhus om:

 

engsoleien finnes, ekspertene og ettertanken

finnes; og engene finnes; englene,

embryoene og ekstasen finnes; ekkoet

finnes; borehullene, virvlerne, slamvirvlerne;

og etterlyset finnes, eikebladspinner og edelkreps

finnes, elvesandjeger, elven, ensomheten

finnes, og alke og råteskorpion finnes,

og eteriske rom, og ettertiden, ettertiden



engsoleie2

Engsoleie. Wiki.

engsoleie

Engsoleie, løvetann og jonsokblom. Byneset. Foto: TA

Diktet frå samlinga Hva var det hun sa? (Lirhus & Markhus, 2014) vev saman engsoleie, etterlys, ekstase og edelkreps på eit vis som liknar veven av det levande og miljøet. Forma er sterkt inspirert av den danske lyrikaren Inger Christensen sitt langdikt «Alfabet», der ho skriv saman naturvitskap, økologi, artar, miljø, miljøproblem, atombomba… i poesi, bygd på Fibonacci-rekka frå matematikken og frå naturen, til dømes i spiralen av skjell i furukongla. Dikt og natur flyt saman i ei faktametta og namnrik skildring utan moralisering. Lirhus spør: «kva var det ho sa?» Diktet hennar vart forøvrig for få år sidan analysert i den første norske doktoravhandlinga med økopoetisk fokus: Henning Fjørtoft si avhandling Jordsanger. Økokritiske analyser av Inger Christensens lange dikt (2011). Agnar Lirhus si samling er vakkert og tankevekkjande illustrert av Rune Markus.

 

IV Sivlevegen

Langs vegen frå Brekkedalsvegen mot elva og Sivle finst noko gran og lauvskog. Der grana dominerer finn vi gjerne mindre vegetasjon, mest blåbærlyng og andre lyngartar og mose. Bartre og lyng gir eit surt strøfall og syra frå det lite omdanna strøet (humusen) vaskar ut minerala frå grunnen. Jorda blir fattig podsol om ikkje bergartane under inneheld kalk som nøytraliserer. Agnar Lirhus slår fast at humusen også finst:

 

humusen i skogen finnes, humusens

kunnskap om nedbrytningstid,

hungersnød og honning; dypt i mosen,

dypt i jorda, dypt i havet gror

havsalaten, hvithvalen svever i

morildglør; lytt til honningvokssoppens

hyfer; bruk hud og ører, koble på;

hurtig, fall hurtig gjennom

livet; som i himmelen så også på jorda

podsol

Frå: husagare.avloppsguiden.se

 

Podsol er det vanlegaste jordsmonnet i Noreg, ei sur og tydeleg sjikta jord: humus på toppen, gjennomvoven av sopphyfar, så eit bleikjordslag der minerala er vaska ut, så eit raudjordsjikt (rustjord) der jern er felt ut til jorda att. Her er det ingen meitemark som rotar rundt og leikar bonde… eller: det er vel helst bonden som «leikar» meitemark når han pløyer. Det var mest husmenn og småbønder som dyrka slik sur skogsjord i Noreg. Det kunne nok ofte vere sveltihel. I Lirhus sitt dikt anar vi denne samanhengen mellom humus og menneskeliv, hav og himmel. Diktaren veit eit og anna om det hurtige fallet gjennom livet og ber oss kople på. Han veit eit og anna om fattigfolk og humus og hyfar. Storbøndene fann ein helst på den rikare jorda, brunjorda, meitemarken si jord, gjerne på marin leire ned mot fjordane. Lauvtrea gir jamt over betre jord, og langs vegen mot Sivle kan ein finne høge bregnar som skogburkne, høgstaudar som mjødurt og sløke, og noko krevjande urter som skogstorkenebb og skogsvinerot under bjørk, ask, rogn, selje, hegg og or. Den sterkt aromatiske mjødurta vart forresten brukt til mjødbrygging, ho inneheld bitterstoff, svakt bakteriehemmande stoff… og salicylsyre. Utmerka til den honningbaserte mjøden; det hindra bakteriar i brygget og gav ein bittersmak. Og inneheld altså smertestillande kjemikaliar mot bakrus! Oretreet gir særleg god jord fordi blada er rike på det viktige næringsstoffet nitrogen. Treet har små knollar med rhizobium-bakteriar på røtene og dei tar opp nitrogen frå luft og gjer det tilgjengeleg for treet i byte med sukker frå fotosyntesen. Dermed har ora rikeleg med nitrogen og treng ikkje bryte ned klorofyllet om hausten for å ta vare på næringsstoffet. Ora feller blada med nitrogenet i.

 

Ved det strie, tronge elveløpet like før vi kjem til Sivle, er det jamn fukt og frodig vegetasjon. Her finn vi att skogburknar, skogstorkenebb, mjødurt, hegg og selje. Olav H. Hauge kjenner ein liknande stad like sør over fjellet her, og nemner alle dess artane i diktet Fossen frå samlinga Under bergfallet frå 1951 (Hauge, 2000). Han er der om våren:

 

Fossen

 

Han tyt sin song

i gjeli seint og tidleg, –

lær kaldt, og læt so blidleg

ein annan gong.

 

No er han glad

og vårmælt. Flaumen sputtar

vyrdlaust på gamle ruttar

på svarte svad.

 

Sjuskjæra raud

blør under morkna slòket;

i kalde gufs frå ròket

skjelv burknelauv

 

og heggeblom;

på vatn, som dropen krusar,

sviv stille seljepusar

i bergsval dom.

 

Tidt sat eg der

og høyrde fossen spela,

med soli gjenom fæla

hogg blanke sverd.

 

So søv han inn

på grøn silkepute

burtgløymd av verdi ute.

Vevkonespinn;

og lukt av tre

som rotnar; skumt i hallen;

kvit mjødurt løyner kallen

i morkna fred.

 

rutt: diger trestuv

trestuv

Mjødurt. Foto: TA

 

Skogstorkenebb har blad med sju flikar, og blir ofte kalla sjuskjære på Vestlandet. Det er ikkje usannsynleg at Per Sivle kunne ha funne seg ein plass ved sida av Hauge når han satt slik og høyrde fossen spele, om tida hadde vore rett for det.

 

V Sivle

Sivlegarden er no fint restaurert og ligg vakkert i sola, med utsikt mot fjell og dalar. Men om han ligg vakkert til, var nok ikkje alltid livberginga ei overflod. Dei små bruka slik som Sivle trong alt fôr dei kunne skaffe frå utmark og beitehagar. På berget like aust for Sivle er det skrint beite og vanskeleg slått, men det vart nok brukt. Her finn vi einer og nyperoser og gul tepperot og stritt finnskjegg, men og det gode beitegraset engkvein.

 

Einer Juniperus communis og nyperoser Rosa sp.

Einer vart av og til brukt som fôr, men til vanleg beiter ikkje dyra mykje på eineren. Dei kan ta ungskot. Dermed blir han ofte ståande att i beitelandskap. «Når alle einebær er mogne, er alle jenter trogne», heiter det i eit gammalt ordtak. Vi kan like godt endre det til «…, er alle gutar trogne». Det er like lite sannsynleg at alle jenter og gutar blir trufaste, som at alle einerbær er blå. Einerbæret, eller bærkongla, treng to år for å mogne. Dermed er det alltid nokre grøne. Eineren er hardfør og tåler det meste, og han er vidt utbreidd over det meste av den nordlege halvkula. I samlinga Dropar i austavind frå 1966 skriv Olav H. Hauge:

 

Ein lyt

 

Ein lyt

smøygja seg

og tøygja seg

og friska seg

og briska seg,

gjera som braken

spita hagl og regn

 

Brisk, brake, sprake. Kjært barn har mange namn. I alle fall dei to siste må ha samanheng med lyden når eineren brenn. Einer er truleg den mest brukte planten i norsk flora: seig og haldbar ved var nyttig til koplingar og reiskap, baret vart brukt som strø på setergolv og fjøsgolv og til dekke på veggar, til røyking av kjøtt og det vart kokt til låg for å vaske håret eller til å sette på einerøl. Bærkonglene kokte ein inn med vatn og sette til litt fløyte og sukker til eit godteri (treak). Dei vart også brukte til krydder i mat og i brennevin, mellom anna genever og gin (jf. slektsnamnet Juniperus). Medisinsk vart planten nytta mot urinvegsinflammasjonar (han driv vatn) og til å framkalle abort (han kan framkalle muskeltrekningar i livmora). Nyperosebuskane er også hardføre og kan veksa på berg. Dei har tornar som beiteforsvar. I tillegg har dei vakre, velluktande, rosa blomar som lokkar pollinatorar. Nypene er rike på C-vitamin og vart nytta til syltetøy, men og tørka og malt og brukt til å dryge mjølet. Ein av deltakarane under vandringa på Stalheim i 2014 kunne fortelje at frøa (lusa) i hans barndom vart knust og brukt i ein slags te. Roser er nyttige og vakre, men dei har altså tornar:

 

Klunger

 

Rosone har dei sunge om.

Eg vil syngja um tornane

og roti, – ho klengjer seg

hardt um berget, hard som

ei mager jentehand.

nyperose 

Nyperose, klunger. Foto: TA

Slik fangar Olav H. Hauge i eit dikt frå Dropar i austavind smerten i det vakre og livsviljen hos den svoltne… på kjærleik?

 

Finnskjegg Nardus stricta

Finnskjegg er eit stivt tuete gras med blågrøne, smale og svært ru blad. Det latinske namnet Nardus stricta er litt merkeleg. Nardus er eit gammalt namn på ein indisk, aromatisk plante brukt til parfyme, men særleg aromatisk er ikkje finnskjegg. Stricta er imidlertid lett å forstå; det tyder stritt, stivt. Det norske namnet viser kanskje til stri skjeggbust, og «finn» viser vel til veksestaden på vidda, reinsamene sine område. Arten er vanleg i ugjødsla skrinneng og i fattig utslått. Finnskjegg er vanskeleg å slå med ljå, og dyr beiter det berre til nød og då helst unge skot. Hestar kan døy av «spreng» eller «finnelta» om dei et graset, særleg på ettersommaren. Finnskjegg blir ofte kalla villstrå, og nokon har foreslått at det kan forklare uttrykket «å komme på villstrå». Graset tåler langvarig snødekke og veks derfor ofte i avlange forseinkingar som kan likne stiar.

 

Olav H. Hauge hadde eit kritisk tilhøve til arten som slåttegras alt som ung gut, men slo no likevel finnskjegg:

 

Ein gamaldags nordmann

 

Eg helsar alltid på finntoppen som ein gamal kjenning,

ikkje fordi han nett var so venleg, han stakk

kvast under udla når me bar turrhøy, hugsar eg,

men han var ein god tuktemeister

for ein næming med stuttorvet,

no ser du han berre i utmarki.

 

Nardus stricta, heiter han på latin.

eg lærde å kjenne han lenge fyrr eg lærde

det fine nemnet, han er ein illbyste

det ikkje bit ljå på,

kvit i toppen,

gul migemaur i roti,

strid og flintblå –

det einaste er å ta han

fyrr soli renn, då

er han litt luvøyrd under doggi.

 

Kinck fortel om ein gamaldags nordmann.

Finntoppen er av det slaget,

trivst i turke og sol

på skrinn jord

– gjev du han kunstgjødsel,

kverv han.

finnskjegg

Finnskjegg. Foto: TA

 

I dette diktet frå samlinga På Ørnetuva frå 1961 skriv han om finntopp/finnskjegg som ga god trening til næmingen og som «(…) stakk/ kvast under udla når me bar turrhøy». Til slut samanliknar Hauge finnskjegg med ein gammaldags nordmann som «(…) trivst i turke og sol på skrinn jord/ – gjev du han kunstgjødsel,/ kverv han». Her refererer han til minneorda «En gammeldags nordmann», som Hans Kinck skreiv over bonden han kjøpte hyttetomt av. Bonden sleit tungt heile livet og då han fekk selt garden og satt som føderådsmann, døyde han. Hauge bruker også arten som symbol for det fattigslege slitet i diktet Til den lærde i samlinga Glør i oska (1946): «Eg stod att med eit stuttorv/ i ein finntopphaug/ med du sat under lærestolar/ og visdom saug». Sjølv om det vaks betre gras, som engkvein, gulaks, raudsvingel og smyle, så var altså livet slik både for folk og fe at dei av og til måtte ta til takke med finnskjegg.

 

VI Slut

Ein større og større del av barn og unge veks no opp utan nærkontakt med natur, blomar, dyr og hausting. Dermed glepp den intuitive forståinga av det levande og det levande sine vilkår. Dermed glepp kjensla av noko viktig; at kvitveis, kval, bjørk og bjørn ikkje er skilde frå oss, men at vi alle er ein del av den same naturen, det same livet. Det er viktig for dei unge, det er viktig for oss alle å vere ute, nær livet og la kjensler flette seg saman med kunnskap. Denne kjærleiken som kan vekse ut av nærleik og kunnskap, kan vere ein veg til engasjement for jorda. Dette kan så vere ein veg inn til det sinnet på vegner av alle dei livsytringane som heile tida forsvinn eller mister leveområda; det raseriet som filosofen Arne Johan Vetlesen talar om i artikkelen Viktigere enn håp (Vetlesen 2013). Håpet aleine kan bli ei sovepute, ei tru på at andre ordnar opp, at politikarane fiksar det, teknologane fiksar det.

 

Hvis ikke håp, hva da?/ Jo, to kraftkilder som henger nær sammen med hverandre: Kjærlighet og raseri. / Kjærlighet til alt levende på jorden som vi mennesker deler med uendelig mange andre arter og former for liv. Dernest raseriet som vokser i oss, enten vi er barn eller voksne, når vi opplever at så mye av dette livet ødelegges, med vitende og vilje. Et raseri næret av kjærligheten til det som trenger beskyttelse. Et raseri på vegne av de stemme- og vergeløse, mot de mektigste. Et raseri drevet av kjærlighet til livet og alt levende.

 

Forfattaren Espen Stueland (2013) ønskjer ein kritisk etikk på vegner av alt liv. Erland Kiøsterud (2014) spør om vi «bor i feil fortelling» og om vi kan «se for oss en tid der vi reforhandler vårt forhold til naturen, dyrene, oss selv». Vi treng ein ny mentalitet. Vi treng ei ny forteljing som gjer det mogeleg for oss å utvikle ein nærleik til natur og eit ansvar for det levande. Kan det vere religionen? For Freddy Fjellheim er religionen viktig i den siste samlinga Vergeløs. Små bønner og trialoger (Fjellheim 2014b). Britt Bildøen (2014) nemner dei gamle, gode historiane, eventyra som engasjerer og som ikkje berre problematiserer. Mange skriv om poesien som ein veg inn til kjenslene og elden. Kjensler og kunnskap kan bringe oss nærare å føle det vi veit og føle det sterkt nok til å vekke kjærleiken, raseriet, håpet og handlinga. Den engelske litteraten John Felstiner ga i 2009 ut boka Can Poetry Save the Earth? Han svarar på tittelen til slut i boka: «Can poetry save the earth? For sure, person by person, our earthly challenge hangs on the sense and spirit that poems can awaken. »

 

Eg har ikkje noko klart svar på dette. Eg les poesi og utdrag av skjønnlitterær prosa i forelesingane mine på lærarutdanninga i Trondheim; enten det handlar om artar, økosystem eller miljøproblem. Det kan vere beskrivande og ikkjemoraliserande som hos Christensen og Lirhus, eller tydeleg moralsk mobiliserande som hos Bruchac. Eg kan sjå at det tenner nokre av studentane. Dei seier det også, frå tid til anna. For meg sjølv er ikkje gudstru viktig. Sjølv med ei grunnleggjande materialistisk, kunnskapsbasert… og agnostisk… haldning, kjenner eg på underet og transcendensen innimellom. Og det kan av og til utløyse eit sterkt sinne over mishandlinga av kloden og livet som vi alle er vovne inn i. Det får meg til å handle. Eg treng ikkje gud her. Eg treng kunnskap og poesi og eg treng å vere ute for å vere i det levande. Ofte.

 

Vandringa frå Stalheim hotell til Sivle endar her. Vi er midt i september, skogen tar til å «svelte i Technicolor» og vi går inn i hausten. Per Sivle skriv om saknet etter fuglane og blomane og set ord på vemodet i diktet Haust frå samlinga Bersøglis- og andre Viser (1895):

 

Haust

 

Kvar vart det tå alle dei Fuglar,

som song

i Sumar so vænt millom Greino?

Sidan eg høyrde deim

ender og Gong:

og so vart det Stilla i eino.

˗ Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

 

Kvar vart det tå alle dei Blomar

som stod

og nikka i Ljos og Ange?

Eg ser yver Bøen,

men er ikkje god

få Auga på ein av dei mange.

˗ Han visnar, Blomen, mot Hausten.

 

Ja. Men Sivle visste og vi veit at hausten og vinteren er vegen til vår og sommar. Og den økopolitiske frostperioden vi no ser ut til å vere inne i, midt i oppvarminga, kan føre oss mot ein ny vår for livet på jorda og for våre band til det levande. Det er ei von, voven med sinne og kjærleik. Det perspektivet skal få avslutte denne vandringa, med ein smule haust-ekstase:

 

Kom høst

Trond Arnesen 2014

 

Ja. Ja!

Jeg har sett storkenebbens siste blårøde

kronblad falle i sakte kino

mot gras skimrende av nattedogg.

Jeg har sett prestekragene gjøre bakkene til

et univers av lysende solsystem.

Etter gårsdagens regnbegråtte

våthette og nattas kalde omslag,

tar sola fatt og setter lys til

sommerfinalen.

 

Kom gjennomsiktige,

høge himmel

og låge morgensol

og knivskarpe luft

som risper alveolene.

Kom strø dine gullmynter

over morgenvandrere og bilkøer.

 

Kom. Kom

dryppende gråtåkemorgen

som kjølig kjærtegner hver grankvist

i tause skoger og kom

elegiske ekorn,

kom hver bjønnskjeggstrittende myr

galvanisert,

hver støle tjønnfrosk

jordvendt.

Kom lukt av nattvåt mold

og falne furunåler og ospelauv,

av død og søvn,

av frø og frukt.

Kom!

haustrognebær

Haust i skogen ved Rotvoll (HiST).Og asalfrukt. Foto: TA

 

 

Litteratur

Arnesen, T., 2014. Kjensla for lauvet og lyden av vind. Bokvennen Litterært Magasin nr. 1-2014: s 27-37.

Bildøen, B. 2014. Fantastiske landskap. Klassekampen, 06.09.2014: s 3.

Bly, R. 2006. My Sentence was a Thousand Years of Joy. Harper Perennial. New York.

Brady, K. 2010. Hanover Poet Laureate. November column. http://poetlaureatehanover.blogspot.no/2010_11_01_archive.html

Bruchac, J. 1987. Near the Mountains, White Pine Press, Fredonia, N.Y.

Dunning, K. 2013. From Environmental Poetry to Ecopoetry. W. S. Merwin’s Poetic Forest. Merwin Studies, 1-2013: s 67-96. https://dl.dropboxusercontent.com/u/29757145/Flipbook/index.html#p=1

Fægri, K. 1960. Norges planter. Cappelen, Oslo.

Felstiner, J. 2009. Can Poetry Save the Earth? A field guide to nature poems. Yale University Press, New Haven & London.

Fjellheim, F., 2014a. Til unge folk. Tilegnet en 10. klasse i Moss. Vinduet 1-2014: s106-109.

Fjellheim, F., 2014b. Vergeløs. Små bønner og trialoger. Verbum, Oslo.

Fjørtoft, H. 2011. Jordsanger. Økokritiske analyser av Inger Christensens lange dikt. Doktoravhandling, NTNU, Trondheim.

Foros, E. G. 2008. Jordbok. Oktober, Oslo.

Fremstad, E. & Eilertsen, 0. 1994. Heigråmose (Racomitrium lanuginosum) som biomonitor på nitrogenforurensning. NINA Oppdragsmelding 239: 1-21.

Hauge, O. H. 2000. Dikt i samling. Det Norske Samlaget, Oslo.

Høeg, O.A. 1976. Planter og tradisjon. Universitetsforlaget, Oslo

Jonsson, T. 1970. Og evig er ordet. Dikting. Ved Reidar Djupedal. Noregs boklag, Oslo.

Kinck, H.E. 1972. En gammeldags nordmand. Nekrolog. Samlede noveller. Bind IV. Aschehoug, Oslo.

Kiøsterud, E. 2014. Bor vi i feil fortelling? Klassekampen, 11.09.2014: s 12-13.

Lid, J. & Lid, D.T. 2005. Norsk flora. Det Norske Samlaget, Oslo.

Lirhus, A. & Markhus, R., 2014. Hva var det hun sa? H//O//F, Moss.

McKay, D. 1987. Sanding Down This Rocking Chair on a Windy Night. McClelland and Stewart, Toronto.

Mercado, N. (ukjent dato). The World is Angry. http://www.eco-poetry.org/nancy_mercado.html Henta 21.01.2015.

Moore, H. 2012. What is ecopoetry? http://internationaltimes.it/what-is-ecopoetry/ Henta 21.01.2015.

Sivle, P., 1943. Skrifter. Bind 1. Gyldendal, Oslo.

Skinner, J. (ukjent dato). What is ecopoetics? http://www.eco-poetry.org/what-is-eco-poetics-.html Henta 21.01.2015.

Strindberg, A. 1916. Fagervik och Skamsund samt ordalek och småkonst. Samlade skrifter. Trettiosjunde delen. Albert Bonniers förlag, Stockholm.

Stueland, E. 2013. Sjelden fugl. Økologi og litteratur. Essay. Klassekampen, Bokmagasinet 12.01.2013.

Sverdrup, H. 2000. Samlede dikt, bind I og II. Aschehoug, Oslo.

Vetlesen, A.J. 2013. Viktigere enn håp. Essay. harvest.as. 20.10.2013.

Wilson, E.O. 1984. Biophilia. Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts.

Ödlund, C. 2014-2015. Musikk for eukaryoter. Utstilling ved Trondheim Kunstmuseum, Gråmølna.

http://trondheimkunstmuseum.no/events/christine-odlund/ http://www.christineodlund.se/drawings/teckn/35.html

http://trondheimkunstmuseum.no/events/helaften-med-christine-odlund/