Grønt

 Hildegunn-Dale2.ashx

Av Hildegunn Dale / Foto: Tove K. Breistein

  

Det var som ei hule. At ingenting vondt kunne nå henne der. Romma var klare, til å tre inn i.

Inne blir ute.

 

Ho må ha site i furuskogen til detaljplanet trådde fram. Forska på dei små rørslene, under eit vindpust.

 

Sitjande på bakken, i ei lysning ringa inn av furustammer. Hente fram pennen. Ho skreiv.    

 

Det er stille i furuskogen, furukongler faller på furunåler.

 

Det var den vinteren eg las Mei-mei Berssenbrugge. Gjekk, utan tanke på vegen attende. Bort frå huset, og det som skjedde rundt huset. For kroppen var svak, og ville sjå lyset utafor seg sjølv.

 

Det var den vinteren eg trudde eg skulle dø. Ein plutseleg skepsis til natur som er tukla med av folk: Eit gjerde. Dei nyleg hogde trea i ein hage. Mørke flekkar der sauar har tråkka marka ned.

 

Til og med den gjentekne gnissinga av ei stamme mot ei anna, når vinden tek fatt.

 

Voggar skogen fram og attende. Ei tillit. Slik sola pustar inn i det grøne. Blada på bakken rører seg under vekta av kroppen. Eg ville helle det inn, slik ein drikk.

 

Den store buska veks nær inntil bakken, midt ute på ei hei. Einebærbuska sine greiner er spenstige mot ryggtavla, og ber kroppen nokre centimeter over bakken.

 

Kvite skyer dreg forbi.

 

Eg ville bygge ein botn, mjuk, som furuskogen sett ovanifrå, når trekrunene veks saman til eit større, mørkegrønt felt.

 

Denne botn skulle finnast i sinnet.

 

Ei sone å falle igjennom, trygt, å lande på skogbotn når det blir mørkt.  

 

 

Hildegunn Dale er født i 1974 i Modalen, og bur i Bergen. Ho har gitt ut seks diktsamlingar sidan debuten med Solkant i 2003. Nyleg kom diktsamlinga Ein halv dag, som handlar om sjølvmord og sorg.

Elles viser dikta til Dale eit tydeleg miljøengasjement og ho skriv sanseleg og sterkt om både natur og kulturlandskap, om å bruke naturen, komme tett på, taktilt og fysisk, og finne språk for dette.

Vi takkar for diktet, Hildegunn Dale! 

Leave a Reply

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..

Blogg på WordPress.com.

opp ↑