Fløgstad

Av Kjartan Fløgstad

Inst i Isfjorden på Svalbard ligg Pyramiden, som her både er namnet på eit fjell og på den nedlagde sovjetiske mønsterbyen ved foten av fjellet. Det høyrest usannsynleg ut og er usannsynleg, men gjennom heile den kalde krigen levde sovjetrussarar og nordmenn fredeleg side om side på denne øygruppa oppe under Nordpolen. Samanbrotet i den sovjetiske planøkonomien, rubelkrisa på slutten av 1990-talet og ei tragisk flyulukke var medverkande årsaker til at kolgruva i Pyramiden blei stengd og samfunnet rundt gruva fråflytta i 1998.

Slik den står fram i dag, er Pyramiden eit monument over ein forlaten utopi og samtidig eit minnesmerke over den industrielle produksjonen av framtida. På denne måten liknar byen på industriruinar over store delar av kloden. Når akkurat den forlatne Pyramiden på Svalbard gjer eit så uutsletteleg inntrykk, kjem det ikkje minst av den isolerte geografiske plasseringa, midt imot den mektige Nordenskiöld-breen på andre sida av fjorden. Den mennesketomme byen står igjen som eit skulpturelt avtrykk av menneskeleg sivilisasjon i Arktis, oppgitt av og gitt tilbake til den overveldande naturen omkring.

Sjølv om produksjonen og utvinninga av kol frå Pyramide-fjellet har stoppa opp og byen blitt forlaten, lever industrisamfunnet likevel vidare i mange av oss, i form av skikkar, vanar og verdiar. Pyramiden på Svalbard er både eit monument over den sovjetiske statssosialismen og ei påminning om solidariske idear og om industrialismen som forlaten utopi.

Det er ikkje denne Pyramiden, ikkje den velregulerte byen, ikkje dei forlatne gruvegangane i fjellet, men tankegangane i den indre, menneskelege Pyramiden frå industrisamfunnet og arbeidarklassen sitt hundreår dette essayet skal handla om. Desse forsteina tankegangane er ikkje særmerkte for Arktis, men det er i polområda vi først og mest tydeleg ser kva desse tankane fører til.

Som kjent er malm eit økonomisk og ikkje eit geologisk omgrep. Det er fristande å kalla kolet på Svalbard eit meir geopolitisk enn økonomisk omgrep. Verken Sovjetsamveldet eller Norge heldt i gang gruvedrifta på grunn av det økonomiske utbytet, men på grunn av den strategiske plasseringa til øygruppa gjennom den kalde krigen. For begge partar var gruvedrift eit dyrt påskot for å vera til stades på ein framskoten lyttepost. Noko måtte likevel kolet brukast til når det først var grave fram. Uansett politisk farge er kol energiberar og tilsetningsstoff i jernproduksjonen. I 1961 oppretta det norske Stortinget Norsk koksverk i Mo i Rana for å sikra avsetning på Longyear-kol, og for å skaffa Jernverket på Mo koks til produksjonen. I konkurranse med andre produsentar var kolet frå gruvene på Svalbard del av det økonomiske verdssystemet. 
*

Ved tusenårsskiftet, nokre få år etter nedlegginga av gruva i Pyramiden, var eg på reise i India i samband med eit bokprosjekt.[1] Reisa starta i Mumbai, derifrå drog eg vidare til hovudstaden Delhi, så til Kolkata ved Bengalbukta, før eg tok vegen sørover gjennom Orissa mot den gamle byen Madras, som nå heiter Chennai. Ein eller annan gong, truleg mot slutten av reisa, dukka namnet Bhopal opp og dermed minnet om det som framleis blir kalla den største industrikatastrofen i historia. 

Natta mellom 2. og 3. desember 1984 oppsto det lekkasje av giftig gass frå ein fabrikk for ugrasmiddel i denne byen. Eigar av fabrikken var det amerikanske storkonsernet Union Carbide Corporation (UCC). Gassen inneheldt blant anna metylisocyanat og spreidde seg fort og usynleg til dei sovande menneska i slumbyen rundt fabrikken. Ifølgje offisielle tal døydde rundt 4000 menneske direkte av forgifting, 8000 fleire mista livet i løpet av dei følgande to vekene, og sidan har endå 8000 fleire døydd som følge av gassutsleppet. Etter alt å dømma er dette minimumstal. Ei indisk regjeringsfråsegn frå 2006 reknar med over ei halv million skadde, av dei mange tusen alvorleg skadde. UCC har aldri tatt på seg ansvaret for katastrofen, ingen i leiinga har blitt straffa, og sidan selskapet nå er del av konsernet Dow Chemicals, har det juridisk blitt endå vanskelegare å straffeforfølga dei ansvarlege.

Når eg blei særleg opptatt av denne saka, var det av ein spesiell grunn. I sine velmaktsdagar var Union Carbide Corporation eit verdsomspennande konsern, med gruver, fabrikkar og andre installasjonar over store delar av kloden. Også i Norge hadde UCC etablert to bedrifter. I Meråker i Trøndelag dreiv selskapet eit smelteverk, men det største anlegget til UCC i Norge var smelteverket i Sauda i Ryfylke. Dette var eit såkalla konverteringsverk, som smelta manganmalm om til metallegeringar som standard silico og ferromangan. Malmen kom frå stader som Ghana i Vest-Afrika, Amapá i Brasil, Orissa i India og frå Sør-Afrika. Størsteparten av kolet blei skipa inn frå britiske hamnebyar som Newcastle og Cardiff og var ein nødvendig del av smelteprosessen. Samstundes var målet å få metallet så lavt i kull som råd, altså å fjerna karbon frå sluttproduktet.

Bruken av råstoff frå heile verda gjorde at produksjonen var globalisert lenge før ordet blei vanleg i norsk. I tillegg til fabrikkar blant anna i India og i Norge hadde UCC hovudkontor på Manhattan i New York, eit stråselskap i Canada (under namnet Electric Furnace Products Company, Limited), gruver verda rundt og rekneskapskontor i Cragmore på Bermuda. Skatten gjekk til sjørøvarøya, for å seia det slik.

Formell eigar av smelteverket i Sauda var det kanadiske selskapet Electric Furnace Products Company, Limited (EFP Co Ltd.), som ikkje var anna enn ein postboks med adresse i Toronto. Dette smelteverket, denne produksjonen, dette internasjonale varebytet og det sosiale livet rundt fabrikken, var ramme om heile oppveksten min. Så godt som alle menn eg kjende, arbeidde heile livet på EFP, som fabrikken blei kalla i daglegtale. Lik dei fleste av mine jamgamle var også eg avløyser som fabrikkarbeidar i alle feriar frå eg var 16, og i lengre tid etter gymnaset, til saman to–tre år. Etter kvart som eg tok til å gi ut bøker, blei smelteverket eit hovudtema og den store metaforprodusenten i mitt eige forfattarskap. Electric Furnace Products Company, Limited var ei bedrift eg kjende ut og inn, slik produksjonen var organisert gjennom heile etterkrigstida, fram mot 1990, då smelteverket feira sitt 75-årsjubileum. Sosialt er eg eit ektefødd barn av industrien, barn av Union Carbide Corporation, med den industrielle etos som viktigaste moralske rettesnor.

I oppveksten min var stort sett heile byanlegget rundt fabrikken dekka av eit tett teppe av brun manganrøyk, regn og skodde. Paradegatene våre var røyrgater som fulle av vasskrefter og rein energi stupte frå Ryfylkeheiane ned mot kraftstasjonane inst i fjordbotnen. Slik sett likna Sauda på Odda, Tyssedal, Ålvik, Svelgen, Øvre Årdal og Glomfjord. Ved sida av kraftkatedralane sto det alltid eit metallsmelteverk og spydde tett omnsrøyk opp i skylaget, som var tett nok frå før. Og regnet hølja ned utan stans. På klåre dagar var røykteppet særleg tett; for å ta litt hardt i var eg tolv år gammal då far min tok meg med opp i fjellet og viste meg sola for første gong. For eit blendande og mektig, nesten uverkeleg syn det var! Under oss låg røyken som eit tett, grått og ugjennomsynleg lok over fjordbotnen og hustaka på byen. Då vi kom ned att under røyken, kjende vi den skarpe, karakteristiske lukta av mangan og tenkte det mange sa like ut, at det luktar pengar, det luktar fast arbeid, tariffregulert løn, det luktar framgang og utvikling.

Etter industrialismens lykkelege, ikkje minst lykkeleg uvitande, augneblink på 1950-talet, nådde idear om miljøvern og krav om reinsing av skadelege utslepp også den kraftkrevjande industrien. I løpet av 1960-talet blei manganrøyken derfor fjerna frå lufta. Å sjå til låg fabrikken igjen som eit havarert skip, utan røyk opp frå skorsteinane. Likevel produserte den som aldri før. Kor blei så røyken av? I første omgang virka løysinga genial. Ved eit enkelt teknisk grep blei omnsrøyken frå fabrikkpipene ført ned i kloakken og leda ureinsa rett ut i fjorden. Framleis hugsar eg kor glade og stolte vi var over den tekniske utviklinga då vi sto nede på losseanlegget og såg den tette, brune kloakken strøyma ut under kaien. Røyken var borte, sola skein, slik såg framsteg og utvikling ut! Over oss var himmelen blå, under oss blei fjorden sakte, men sikkert lagt død, fisk og vegetasjon blei borte. Og etiske overlegningar rundt denne kjennsgjerninga var heilt fråverande; produksjonen var Det gode, skuggesidene ein naudsynleg biverknad. 

Folkeminnegranskaren Svale Solheim har sagt det slik:

«I det skapande arbeidet fann forfedrene våre den grunnleggjande skiljelina mellom rett og urett, sanning og lygn, godt og vondt. Den folkelege rettstanken har sitt opphav i sjølve arbeidsprosessen og kan stutt formulerast slik: Alt som tente til å fremja det skapande arbeidet og tryggja det best mogelege resultatet av det – kvantitativt og kvalitativt – var rett, og fekk samstundes den etiske kvaliteten: godt. Det var rett og godt fordi det representerte livskreftene, tente livet og framhaldet av livet.»[2]

I tillegg har visse typar arbeid hatt eit eksistensielt og heroisk preg. Havfiske og gruvearbeid har alltid gått føre seg ytst på den tynne grensa mellom liv og død. Arbeidarane ofra seg for vår velstand. George Orwell seier det slik: «Når vi alle saman kan leva nokolunde anstendige liv, er det på grunn av dei fattige trælane under jorda, så svarte at ein knapt ser det kvite i augo på dei, med halsen full av kolstøv, som høgg skyflane sine framover med armar og magemusklar av stål.»[3] I mange år kunne det same seiast om gruvearbeidarane på Svalbard, i Longyearbyen, Svea, Barentsburg. Og i dag med endå større rett om oljearbeidarane i Nordsjøen. Ved å gjera seg til herre over elden, nærma omnshusarbeidarane i smelteverksindustrien seg også denne arbeidsheroismen. Trass i gass og støv og gift og utslepp til naturen kunne omnsarbeidarane sjå ut som prometeiske heltar, som hadde stole elden frå gudane og gitt den til menneska. Inst inne hadde dei ei kjensle av å vera med på noko stort, som ikkje berre var å smelta metall, men også å forma ei skinande blank og metallisk framtid.

I fjellet rundt fabrikkbyane på den skandinaviske regnkysten var størsteparten av fjellvatna og vassdraga demde opp og lagde i røyr. Dei første tiåra etter at produksjonen starta, låg røyken tett over byanlegget rundt fabrikkane, sidan blei livet i fjorden lagt dødt. Inne på smelteverket gjekk arbeidet på rundskift natt og dag, dei fleste arbeidsplassane var prega av slit, støy, røyk og gass. Når vi pusta inn røyk og metallstøv, var refrenget at såpass måtte ein skikkeleg arbeidskar tåla. Fysisk var det også ein farleg arbeidsplass, med eksplosjonar og fallulukker, mange med dødeleg utgang. Likevel kan det trygt seiast at alle, alle eg kjende, såg på arbeidet som lønsslavar i industrien som eit stort framsteg, som ei radikal frigjering samanlikna med slavebindinga til naturen gjennom det primitive jordbruket dei fleste kom ifrå. For folk flest representerte industriarbeidet eit langt sprang framover i levestandard, livskvalitet og fridom. I slike tankegangar gjekk mange av fabrikkanes kvinner og menn ut bedriftsporten og inn i den etterindustrielle verda.

Industriproduksjonen, med alt sitt, var det levande, skapande arbeidet, som ikkje berre framstilte ting og varer, men først og fremst skapte framtid, ei betre framtid. «Alt det derimot som la hindringar i vegen for det skapande arbeidet og truga med å øydeleggja resultatet av det, var urett, og fekk samstundes den etiske kvaliteten vondt. Det var urett og vondt fordi det representerte livsfiendtlege krefter, utgjorde eit trugsmål mot livet sjølv og framhaldet av det.»[4] 

I lang tid såg mange det framleis slik at miljøvernarar og lenkegjengar representerte desse livsfiendtlege kreftene. 

*

«From the hills overlooking our plant, no other sign of civilization can be seen.»

Slik blei industristaden Sauda presentert i bedriftsbladet til Union Carbide Corporation ein gong på 1970-talet. Vi kan smila av denne uskuldige arrogansen, samstundes uttrykker denne setninga noko av sanninga. Den klassiske industrien hadde eit Janus-andlet, vendt to vegar. På den eine sida sto den for store sivilisatoriske framsteg, på den andre sida for barbari. I Union Carbide Corporations tilfelle kom det barbariske andletet mest grelt til syne i Bhopal i delstaten Madhya Pradesh i India. Sine sivilisatoriske sider spreidde storindustrien i landskapet rundt fabrikken i den vesle fjordbygda Sauda i Ryfylke. 

For å smelta manganmalm om til metall trengst det råstoff som kol, koks, kvarts og kalkstein, i tillegg til store mengder elektrisk kraft. Også på denne måten var smelteverket del av innvikla produksjonssystem. Sjølv om livsvilkåra i Bhopal og i Sauda var vilt forskjellige, blei framtida og livsvilkåra begge stader bestemte, ikkje av politiske styresmakter i Oslo eller New Delhi, men i eit styrerom på Manhattan i New York, av folk som ingen av arbeidarane kjende, og som ikkje kunne stillast til ansvar. I min barndom kjende eg ingen som hadde vore i Oslo, for dit gjekk det ikkje veg. Alle hadde derimot vore i ein by som heitte Takoradi i Ghana, for der kom manganmalmen frå, med båtar frå Den norske Amerikalinje eit par gonger i månaden. 

Den elektriske krafta var produsert lokalt og kom frå regnet og nedbørsmengdene over den skandinaviske vestkysten. Kvarts og kalkstein kom frå små steinbrot langs norskekysten, koks og kol, ikkje frå Svalbard, men frå gruver i engelske Yorkshire og i Wales. Union Carbide Corporation hadde eigne mangangruver på det som ein gong blei kalla Gullkysten, nåverande Ghana i Vest-Afrika. I mange tiår kom størsteparten av råstoffet herifrå. Etter at desse gruvene var tømte, måtte Union Carbide Corporation sjå seg om etter andre råstoffleveransar. 

Med rikeleg tilgang på elektrisk kraft blei billig råstoff frå Gullkysten i sør omskapt til halvfabrikata på Regnkysten i nord og så til ferdigprodukt i dei store industrilanda. Som del av eit urettvist etterkolonialt økonomisk verdssystem var dette i seg sjølv eit moralsk problem. For smelteverket i Sauda hende det i tillegg noko som gjorde dette problemet akutt. På 1980-talet kom den reinaste og beste manganmalmen frå Sør-Afrika. Leiinga hevda at utan sørafrikansk malm ville ikkje bedrifta overleva. Åttitalet var samstundes det tiåret då kampanjen for å isolera apartheidstyret var mest intens. Det kom sterke krav om boikott av sørafrikanske varer. På denne tida hadde Norske Elkem overtatt Sauda Smelteverk frå Union Carbide Corporation. I parentes må det her nemnast at historisk er nordmennene dei minst langsiktige og dårlegaste eigarane bedrifta har hatt. Tiåret mellom Union Carbide Corporation og franske Eramet, som er dagens eigar, handla meir om innskrenking av drifta enn om investeringar for framtida. I tillegg fekk Elkem kravet om boikott i fanget, ikkje berre frå bedriftsleiinga, men også fagforeininga, avdeling 31 av Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund, med ei lang, raud og radikal historie bak seg. 

Nå sto leiinga og fagforeininga i eit nytt og akutt politisk dilemma av moralsk karakter: Enten bryta den internasjonale boikotten av Sør-Afrika eller bidra til nedlegging ikkje berre av bedrifta, men av eit heilt lokalsamfunn om konsernleiinga hadde rett i at den sørafrikanske malmen var avgjerande viktig. Dette moralske problemet streva leiinga og fagforeininga på smelteverket med, heilt fram til det løyste seg sjølv, då apartheidregimet i Sør-Afrika gav frå seg makta til folkefleirtalet, og Nelson Mandela blei heist ned på den politiske scenen som ein deus ex machina frå fangeleiren på Robben Island.

*

Reine tilfelle, som av og til ser ut som lagnad, har gjort at forfattarskapen min er sterkt knytt til industri og til gruvedrift. I tillegg til einsidige industristader som Sauda og Odda, som eg kjenner svært godt, har eg budd og arbeidd i gruvebyen Bjørnevatn i Sør-Varanger og malmhamna Narvik nord for Polarsirkelen. Begge desse stadene har eg skildra i essay og i skjønnlitterær form. Boka Pyramiden[5] frå 2007 handlar om den nedlagde sovjetiske kolgruvebyen inst i Isfjorden på Svalbard. Eg har besøkt og skrive om gruvebyane Norilsk i Sibir og Nikel og Zapoljarnyj på Kola-halvøya. I dei sørlege antipoder har eg budd i og skildra gruvebyar som Lota og Coronel ved den chilenske Stillehavskysten, og kopargruvene i Chuquicamata, som ligg i månelandskapet ved Calama-ørkenen ved foten av Andesfjella lenger nord. Ut frå heile min bakgrunn og tenkemåte har det vore nærliggande for meg å skildra verksemda på alle desse stadene som heroisk utnytting av rikdommane i naturen, til beste for eigarane, men også til felles beste. Ikkje berre snakkar eg ferrolegeringsdialekt, eg er også ei typisk legering av protestantisk arbeidsmoral og modernitetens industrielle etos. Denne tankegangen er hard utanpå og seig inni, som høgt legert stål. Den industrielle tenkemåten er sterk og konservativ og motstandsdyktig mot forandring. 

Verken i liv eller skriv har den religiøse dimensjonen vore viktig for mi forståing av verda. Samstundes merkar eg at straks eg kjem sør for Drøbak, er eg luthersk protestant, det vil seia kulturkristen god som nokon. I protestantismen ligg det, som vi veit, sterke føringar i retning av å sjå arbeid, ikkje minst fysisk, manuelt arbeid, som rett og tillegg gi arbeidet ein moralsk dimensjon, som noko godt, i og for seg. Mykje av dette tankegodset blei ført vidare i den sosialistiske tradisjonen. I sterkare og sterkare grad blir moralen i denne tenkemåten utfordra av den veksande kunnskapen om skadeverknadene gruvedrift og tungindustri fører til for menneske og miljø. 

I dag framstår det som uomtvisteleg at ikkje berre utvinninga av råstoff frå naturen, men også vidareforedlinga av råstoffa til halvfabrikata og ferdige produkt i seg sjølv, utgjer eit moralsk dilemma. Ærleg arbeid er ikkje lenger udelt rett, og godt, slik som i det protestantiske og sosialistiske verdsbildet. På den andre sida, dersom vi legg ned vareproduksjonen i den rike verda, og flyttar skorsteinsindustrien til fattige land, risikerer vi ikkje berre at skadeverknadene på omverda blir endå meir dramatiske enn i dag. Når metallet blir smelta og forbruksvarene sette saman i indonesiske, brasilianske og kinesiske sweatshops, er det ofte under minimale krav til miljø og avgrensing av utslepp. Arbeidsvilkåra liknar på tilhøva i Europa i industrialismens barndom, utan dei rettane som den vestlege arbeidarklassen har kjempa seg fram til gjennom fleire hundre år. 

Arbeidets lys er eit vakkert lys, som likevel berre lyser verkeleg vakkert når det blir opplyst av eit anna lys, skreiv filosofen Ludwig Wittgenstein.[6] Som utveksling mellom menneske og natur er arbeidet den levande, skapande eld, heiter det i ein annan tradisjon. I dag veit vi at utvinning av råstoff frå jorda, og vidareforedlinga (om ein framleis kan bruka ordet foredling i denne samanhengen) av desse råstoffa, har store skuggesider. 

Ein ting er råstoff og produksjon, ein annan ting er kva dei ferdige produkta blir brukte til. Industrialiseringa av stader som Sauda og Odda og Longyearbyen og Pyramiden gav tvillause sivilisatoriske gevinstar for samfunna som voks opp rundt gruvene og fabrikkane. Her har arbeidarstyre, sterke fagforeiningar og høg organisasjonsprosent vore ein avgjerande garant. 

Ser vi på produkta frå Union Carbide Corporations anlegg, så blei det framstilt halvfabrikata, som manganlegeringar av ulikt slag. Mangan er eit tilsetningsstoff som blir brukt i stålbadet, for å gjera stålet hardt utanpå og seigt inni. Det dreiar seg altså om høgt legert stål. Manganstål er dermed kvalitetsstål som blir brukt i presisjonsinstrument, i motordelar og ikkje minst til våpen. Når dei ferdige halvfabrikata frå EFP i Sauda blei lasta om bord i lasteskip, gjekk dei vanlegvis over Nordsjøen til hamnebyane for det tyske Ruhrgebiet, og til engelske Midlands. Frå kaiane i hamnebyar som Duisburg i Tyskland og Scunthorpe i England blei manganprodukta sende vidare til stålverk og våpensmier. 

Gjenreisinga etter den andre verdskrigen var ein gullalder. I tillegg var ikkje berre krig og ufred, men også rykte om krig og ufred, lette å merka i lokalsamfunnet, i form av større skatteinngang og meir pengar til kommunale oppgåver. Krigshandlingar og internasjonale kriser viste seg lokalt i form fleire barnehagar, nye skular, betre eldreomsorg. Den eine sin død var bokstavleg den andre sitt brød. 

Giftkatastrofen i Bhopal viste industrikapitalismen frå si mest barbariske og heslige side. Industrialismen har også hatt ein siviliserande og samfunnsbyggande verknad. Den livskvaliteten mange av oss i dag nyt godt av, er utenkeleg utan industriproduksjon i stor stil. Ved å omskapa råstoff til halvfabrikata for dødbringande våpen, skaper fabrikkproduksjonen samstundes nytt liv, framgang og sivilisasjon rundt seg. Det har vore og er det grunnleggande moralske problemet til tungindustrien. I Sauda blei både den forureinande røyken i lufta og det dødelege utsleppet i sjøen til slutt fanga opp og ført inn igjen i produksjonen. Etter kvart som industrisamfunnet kryssar grensene for kva naturen kan tåla, kan det sjå ut som om dei avanserte våpna som blir smidd av manganstålet, må rettast ikkje mot ytre fiendar, men mot industrien sjølv. Det løyser nokre praktiske, kanskje også moralske problem. Grunnspørsmålet står likevel att. 

Ars Poetica (Om diktekunsten) frå år 18 før vår tidsrekning åtvara den romerske poeten Horats forfattarane mot å ty til det han kalla deus ex machina – det vil seia ein gud frå maskinen. I den greske tragedien, som Horats viste til, var det vanleg å løysa opp dramatiske flokar og umulige situasjonar ved å heisa dei skodespelarane som spela gud, ned på scenen med ein kran. Alt Horats såg på bruken av deus ex machina som dårleg og usann dikting.   

Gjennom arbeidet har mennesket til alle tider utnytta rikdommane i naturen til å frigjera seg frå slavebindinga til den same naturen. I dag er vi slavebundne til våre eigne frigjerande maskinar. Dette er eit dilemma vi sjølve må løysa. I vårt miljøpolitiske skjebnedrama kan vi ikkje stola på gudar som blir senka ned på scenen. Arbeidets lys var eit vakkert lys, som har skapt framsteg, fridom, sivilisasjon, men ein sivilisasjon som i dag kastar lange skuggar og har late etter seg giftdeponi, slagghaugar, gråbergtippar. Kol og koks brenn med ein svak, blå flamme. For den karbonbaserte industrien brenn det eit blått lys. For å bli verkeleg vakkert, må arbeidets lys lysast opp av eit anna lys, som vi kanskje kan ana for enden av den lange industrielle tankegangen ut frå vår indre Pyramide.  

 / 

[1] Hotel Tropical. Nettenes fedreland, Oslo 2003.

[2] Sitert etter Torgrim Titlestad: Peder Furubotn 1890–1938. Oslo 1975, s. 19.

[3] The Road to Wigan Pier, London 1937 (1970), s. 31, omsett av forfattaren.

[4] Solheim, i Titlestad, s.st.

[5] Pyramiden. Portrett av ein forlaten utopi. Med fotografi av Siri Hermansen, Oslo 2007.

[6] «Das Licht der Arbeit ist ein schönes LIcht, das aber nur dann wirklich schön leuchtet, wenn es von noch einem anderen Licht erleuchtet wird.» Vermischte Bemerkungen, (1937), Frankfurt a. M. 1977, s. 56.

/

Kjartan Fløgstads essay er hentet fra den nyutkomne boka Isen smelter på Fagbokforlaget.